Om oss

CREATIVO er ein kombinert Hobby-, Gåve-, Interiør- og Musikkforretning, lokalisert i Blåhuset Kjøpesenter i Ulsteinvik.

Vi har rikeleg utval av hobbyprodukt frå Panduro Hobby og andre leverandørar. Mellom anna har vi både olje-, akvarell- og akrylmaling (Van Gogh og Amsterdam) frå Global Hobby. I barne/junior avdelinga har vi godt utval til både små og store born av både ting å lage og ferdige produkt til aktivisering.

I den innhaldsrike partyavdelinga finn du alt frå ballongar, kakepynt og det du treng for å lage både sukkertøy og flotte kaker, til verktøy og kakeøskjer. Leverandørane er Cacas, Panduro m.fl.

Vi har også ei populær avdeling for borddekking, med lys, serviettar, løparar, og anna bordpynt. Populært både til bryllaup, konfirmasjon, dåp, og andre høgtider.

Gåveavdelinga vår har eit særdeles godt utval i koppar og krus, av monge forskjellige typer, bl.a dei populære sunnmørskrusene, og søgne sine koppar med sitat frå Trygve Skaug. Her finn du stort sett alltid noko som passar, til dei aller fleste anledningar. Skilt, krus, Mummi, leiker og bilar, figurar og englar, små bilder, plakatar, og ikkje minst Crema sine populære kaffi, te og godteri. Vi har også dødehavsprodukt frå Dead Sea Minerals (DSM), som har mange gode, flotte hud- og hårpleie produkt for både baby/barn, damer og herrer.
 
Vi er distriktets einaste musikkforretning, med varer frå dei fleste kjende merkevarer. I tillegg til musikkinstrument og rekvisita, har vi Hifi, CD/DVD og LP, note/lærebøker, etc.
 
Det er mulegheit for å betale varene du kjøper i nettbutikken, men velge å hente varene i butikken på Blåhuset om du ikkje ynskjer dei tilsendt. Då slepp du sjølvsagt å betale frakt.
 
PS! Varene du finn i nettbutikken er berre ein liten del av det vi har i butikken. Nokre varer kan vere bestillingsvarer, og vil då ha ei leveringstid på 3 - 6 dagar, avhengig av om importør har dei på lager.
 
Du er hjarteleg velkomen til å besøke vår butikk i andre etasje på Blåhuset Kjøpesenter i Ulsteinvik.
 
Nettsida vår er stadig under oppgradering, og fleire varer og kategoriar vil kome.